Sweethearts of the Rodeo

sor_press2.jpg

Sweethearts of the Rodeo består av søstrene Janis Oliver og Kristine Arnold. Dei starta si musikalske karriere som ”Olivers Sisters”, og sang bluegrass i tenåra. Dei blei oppdaga av dronninga av harmoniar – Emmylou Harris – og dette blei springbrettet for dei to unge damene. Janis Oliver møtte etter kort tid sin kommande ektemann, den då ukjende Vince Gill. Saman flytta dei til Nashville, der Janis si musikalske karriere blei sett på pause i påvente av at Vince skulle få sitt gjennombrot. Kristine flytta seinare til Nashville, og søstrene byrja å synge i lag igjen. Dette resulterte i platekontrakt med Columbia Records – og vokalharmoniane sikra damene 7 topp-10-plasseringar på Billboard Country Music. I 2012 gav Sweethearts of the Rodeo ut ei ny plate, for første gang sidan 1996. Vi i Norsk Countrytreff vonar og trur at desse damene gjev deg gåsehud med sine vokale prestasjonar!

Du kan oppleve Sweethearts of the Rodeo laurdag kl. 14:00 under kyrkjekonserten, og laurdag kveld på hovudscena! Der går dei på klokka 22:45!

Les meir på Sweethearts of the Rodeo si nettside her

Gasta Design