Rotlaus

Rotlaus – Fengande folkrock frå Sunnmøre! Med debutalbumet “Bygderamp”(2016) gjekk Sunnmørsbandet Rotlaus rett inn på VG-Lista Topp 10! Den dyktige og muntre gjengen fekk raskt 1 million streams på Spotify, og fanskaren har auka kraftig sidan platesleppet tidligare i år. No er bandet ute og turnerar land og strand rundt, og fremtida ser lys ut for det ferske bandet. Debutsingelen «Kvilelaus» slapp dei i desember 2015 og vitna om eit samansveisa band med hardtslåande tekstar og allsangvennlige refreng. Går du på ein konsert med Rotlaus kan du forvente deg både fest og moro, ein leik med folkrock og country – ispedd både fele og trekkspel. Bandet har det siste året vore svært etterspurt og dei spelar no over heile landet frå nord til sør. Rotlaus har på kort tid blitt som ein samansveisa familie, noko også publikum på bandets konsertar tydelig opplever. Låtskrivar og frontfigur i Rotlaus, Bjørn Marius Øyehaug, er det mange som kjenner frå bandet Vassendgutane. Bjørn Marius var fast ute på turné med dei i fem år og vart den gang kjent for sitt solide trommespel, soloinnslag og koring. Denne erfaringa tok han med seg vidare då han sommaren 2015 saman med Levi møtte Simen Rebbestad, og dei saman bestemte seg for å starte Rotlaus. Seinare kom også Simen Bjørdal inn på slagverk, i tillegg til Vegard Hansen på trekkspel. Deira debutalbum slapp dei i januar 2016. Produktiviteten har ikkje stått stille for bandet trass eit stadig tettare program. Gutta jobbar no i studio med nytt materiale for sommerturnèen, så her veit ein at ein har stadig meir i vente.

Du kan oppleve Rotlaus fredag kveld i Kolbeins Saloon! Dei går på klokka 20:30!

Gasta Design