Norsk Countrytalent: Gunn Marit, Morgan og Tiffany

I 2013 vart Norsk Countrytalent ein realitet. Gjennom dei tre siste åra har vi arrangert talentkonkurranse med fokus på dei i alderen 12-20 år. Gjennom innsending av bidrag og utplukking til live opptreden har vi hatt finale med 10 unge talent pr. år. I 2016 er denne konkurransen planlagt arrangert i september/oktober.

Under Norsk Countrytreff 2016 skal vi presentere tre av dei som har vore med oss i ein, eller fleire av desse konkurransane. Gjennom ein timelang konsert på Kolbeins Saloon fredag ettermiddag skal vi få ein smakebit av desse tre unge og lovande talenta som vi trur har ei framtid innan musikken.

Gunn Marit Kvåle (14) er frå Sogndal og var med oss under Norsk Countrytalent 2015. Der gjekk ho til topps med ein melodi ho sjølv har laga, saman med bror sin Gjest Kvåle. Vi fikk gleda av å ha med oss Gunn Marit med band under NCT 2015, der ho hadde opptreden både på opningskonserten, festivalområdet og under kyrkjekonserten.

Morgan Lee Lehne (20) kjem frå Spangereid i Vest-Agder og har vore med i talentkonkurransen vår dei to siste åra, der han har hatt topp-tre plassering. Han er nok også kjent for eit stort publikum gjennom sin opptreden i Idol 2016 der han var med heilt til semifinalane. Morgan skriv mykje av sin eigen musikk og er stadig å sjå på speleoppdrag. Det er første gong Morgan kjem til Norsk Countrytreff.

Tiffany Roxanne Huston (20) kjem frå Måløy og har ei stor stemme som vi har høyrt i fleire lokale og regionale arrangement. Tiffany var med oss i talentkonkurransen i 2015, der ho fikk andre plass. Ho var også med oss under NCT 2015 som ein del av samarbeidskonserten med NRK Sogn og Fjordane med namnet Countrylutt. Tiffany er å høyre innanfor mange musikksjangrar, men med opphav frå countrymusikken sitt heimland USA, er det vell ikkje unaturleg at denne sjangeren ligg ho nær.

Vi gler oss stort til å presentere desse flotte talenta under Norsk Countrytreff 2016. Og håpar at mange tek turen til Kolbeins Saloon fredag kl.13.00.

Gunn Marit Kvåle blir også å oppleve under årets kyrkjekonsert laurdag kl. 14:00 i Breim kyrkje.