G.Thomas

G.Thomas kjem til Norsk Countrytreff igjen ­ denne gangen med sitt
Outlaw-show “From Waylon to Hank”. Med seg på scena har han bandet sitt,
beståande av Svein H. Karlsen, Kim R. Larsen, Lasse K. Pleym og Torgeir Ø.
Moland.

Artisten, som har vore ein del av festivalen kvart einaste år, sidan
starten i 1995, har Norsk Countrytreff som sitt hjartebarn. “Den heilt
spesielle countryfestivalen, med den gode atmosfæren”, skildrar Gunnar
Thommessen, eller G. Thomas, det årvisse countrytreffet i Breim. ­ Denne
festivalen føler eg meg som ein del av, og vert gjerne med vidare så lenge
eg er ønska, seier han.

G. Thomas er ein av veteranane i norsk og skandinavisk country. Han har
standhaftig halde seg til «outlawsoundet», som vart utvikla på 70-talet.
Han starta si karriere som countrysongar i USA i 1979, der hans første
opptreden var i Utah, med tips som løn og under namnet “The Norwegian
Cowboy”.

Han har i seinare år hatt mange turar tilbake til USA og opptredd som
gjesteartist, og tileigna seg mykje erfaring etter å ha jobba med
profesjonelle musikarar og artistar.

Sidan 1985 har G. Thomas gitt ut elleve produksjonar, og alle har fått god
kritikk i media og frå fans. Dei to siste studioplatene har òg gitt han
merksemd utover Noreg sine landegrenser.

Tittellåta “Jesus in a leather jacket” som kom ut i 1996, vart ein hit
både på norske og utanlandske radiostasjonar.

Du kan oppleve G.Thomas fredag kveld i Kolbeins Saloon. Han går på klokka 23:30!

Gasta Design