GammalGrass

Gammaldans i norsk folkemusikk ser ut til å ha overraskande stor likskap med tradisjonell amerikansk bluegrass. Det musikalske språket i norsk gammaldans er basert på dei samme harmoniane og rytmiske bevegelsane som ein finn i bluegrass, og har alltid vore – og er framleis – musikk spelt i intime settingar, med både lyttande og dansande publikum. Men; kvifor er det så lite improvisasjon i den norske folkemusikken? GammalGrass insisterar på å finne ut av dette.. og medan dei er i gang, kastar dei inn det aller meste dei måtte føle for. Stian Carstensen er kjent som Noregs største multitalent – og trakterar både trekkspel, banjo, lapsteel og mandolin, og i lag med Ola Kvernberg på fiolin, fele og mandolin samt Ole Morten Vågan på kontrabass stiller dei med gruppa GammalGrass på årets Norsk Countrytreff.

Du kan oppleve GammalGrass fleire stadar under Norsk Countrytreff. Torsdag kl. 19:00 i Frislidlada og fredag kl. 11:00 under Barnas Countrytreff. 

Gasta Design