Daryle Singletary

Daryle Singletary er ein 44 år gammal artist, som i 1990 bestemte seg for å flytte til Nashville for å gjere karriere som countrymusiker. Etter nokre hardtarbeidande år, fekk Singletary endelig napp – etter at Randy Travis fekk høyre innspelinga av låta ”An old pair of shoes”. Travis tok låta som si eiga, fekk ein respektabel 21.plass på Billboard – og anbefalte Daryle varmt til sitt eige management. Dette resulterte i eit album i 1995, og sidan dette har Singletary gjeve ut fleire sterke album. Singletary har hatt fleire topp-10-plasseringar på Billboards Country Music samt har vore inne på Billboards Top 100. Med seg på platene har han hatt spenstige namn som Ricky Skaggs, George Jones, Johnny Paycheck, Dwight Yoakam, Merle Haggard, John Anderson, Vince Gill og Rhonda Vincent. Ingen kven-som-helst’ar der, altså! Daryle blir beteikna som Contemporary Country, ei retning som ville dra countrymusikken tilbake til det originale lydbiletet og den originale stilen. Ein ekte tradisjonalist, med andre ord!

Du kan oppleve Daryle Singletary laurdag kl. 14:00 under kyrkjekonseten, samt laurdag kveld på hovudscena! Han går på klokka 00:30.

Les meir på Daryle si nettside her

Gasta Design