Crashville

Det Ørsta-baserte countrybandet Crashville såg dagens lys under ein fuktig flåtefest på Vatnevatnet ein varm maikveld i 2007. Etter nokre månader med øving kom tilbodet om den fyrste spelejobben, og sidan då har det balla på seg. Bandet består i dag av Svein Ivar Holen (gitar/vokal), Tom Andrè Holen (bass), Hans-Christian Humberset (el-gitar), Øystein Nybø (slagverk), Kristiane Runde (fele) og Maline Rebbestad (vokal/kor). I starten spelte bandet mest coverlåtar frå kjende countryartistar, men etter kvart var karane i full sving med å skrive eige låtmateriale til sin fyrste CD. CD’en ”Fyrste Reis” kom i butikkhyllene i 2011, og dei slapp fleire låtar i 2015. Crashville har fylt opp både mindre pubar og store hallar, og har spelt på fleire countrytilstelningar rundt om i Noreg. Inspirasjon til musikken hentar bandmedlemmane både på jobb og elles i nærmiljøet, samt frå andre artistar. Dei har mellom anna skrive songen ”Ein pensjonerte kar”, som heidrar pensjonistane ved Ørsta Stål. Karane syng på klingande Ørsta-dialekt og ynskjer å skrive songar som folk kan kjenne seg att i. Målet er å spreie musikken over heile landet, og så langt er bandet godt på veg. Dei kan vise til fulle hus frå Voss til Nordmøre, og har blitt tatt varmt i mot av heimepublikummet på Sunnmøre.

Crashville sparkar i gang Norsk Countrytreff torsdag 14.juli klokka 22:00 i Kolbeins Saloon!

Gasta Design