Byting

Byting såg dagens lys i 2012, etter ei bilulykke der meisterspelemann Jon Elling Buen Garnås omkom. I kjølvatnet av ulykka sat venen hans, Thomas Hellekås, og skreiv ei låt til hans minne. Låta kalla han ”Høvdingen”, og med seg fekk han bror til Jon Elling, Per Anders Buen Garnås samt Halvor Halvorsen, Svein Eivind Mo Haugan og Marius Skjelbred – og Byting var eit faktum. I tillegg til å ha gjeve ut eit album og ein singel, har Byting delteke i innspelinga av TV-serien ”Norske Rednecks” på MAX, der dei har laga musikk til serien. Dei slepp cd nummer 2 i april 2016, og vi gledar oss til å høyre resultatet. I dag blir uttrykket Byting ofte brukt om ein person som kan vera noko utagerande, skruppellaus og vill – og vi vonar det blir ei utagerande, skruppellaus og vill framføring på hovudscena på Norsk Countrytreff!

Du kan oppleve Byting laurdag kveld på hovudscena! Dei går på klokka 21:00!

Les meir på Byting si nettside her

Gasta Design