Willy Clay Band

Frå Sverige kjem country-/americanabandet Willy Clay Band. Langt oppe i Kiruna i svensk Lappland, fant 5 karar ut at dei ville starte countryband, og Willy Clay Band var eit faktum. Tony Björkenvall på vokal, elektrisk- og akkustisk gitar samt mandolin, Fredrik Elenius på trommer og perkusjon, Örjan Mäki på lap steel, elgitar og dobro, Björn Pettersson på vokal og bassgitar og Reine Tuoremaa på vokal, munnspel og akkustisk gitar. Den første offisielle spelejobben var 17.desember 2003.

Heilt frå starten av, skulle det vise seg å vere tungt arbeid å bli eit berømt countryband for Willy Clay Band. Lokalisert i Kiruna, med plateselskapet i Malmø, gav vanskelige arbeidsforhold. Telefon, SMS, epost og Skype blei brukt, men 1843 km med reiseveg ein veg, gjorde arbeidet vanskelig for både gruppe og plateselskap. Løsningen blei å reise til Nashville.

Gutta i Willy Clay Band skrapa saman sparepengar, og reiste over dammen for å gjere lukke – slik som så mange andre. Med seg på laget fekk dei producer Will Kimbrough – ikkje ein kven som helst i musikkmiljøet i Nashville. Artistar som Jimmy Buffett, Little Feat, Mark Knopfler, Emmylou Harris, Steve Earle med fleire har nytt godt av Will Kimbrough sine kunnskapar og kvalitetar.

Når Willy Clay Band først var i Nashville, fekk dei husly hos Melanie Howard, enke etter den legendariske låtskrivaren Harlan Howard. Harlan Howard blei innlemma i Country Music Hall of Fame i 1997. Samtidig hadde dei svært lyst å ha med nokre storkanonar på plata, og kva var då meir naturleg enn å ringe Bucky Baxter, som hadde samarbeida med artistar som Steve Earle, R.E.M, Bob Dylan og Ryan Adams – og Garth Hudson frå The Band, som også hadde samarbeida med storkanonar som Eric Clapton, Crosby, Stills, Nash & Young, Jeff Healey, Ringo Starr, Tom Petty, Gipsy Kings, Don Henley, Bob Dylan med fleire. Med andre ord, ingen smågutar i musikkmiljøet! Plata ”Rebecca Drive” var eit faktum – oppkalla etter gata som studioet låg i.

I 2006 blei Willy Clay Band henta inn som oppvarmingsband for John Fogerty, på to av hans konsertar i Sverige. I Piteå gjekk det så bra at dei 12.000 frammøtte hylla Willy Clay Band meir enn Fogerty, noko gamle John ikkje såg på med blide auger. Han freista å få si hevn i Globen, ved å nekte Willy Clay Band lydsjekk før konserten, men dette hindra ikkje gutta i WCB å levere ein praktkonsert. Etter endt konsert, viste det seg at gutta i WCB solgte fleire album enn John Fogerty likevel. WCB 2 – John Fogerty 0.

I 2009 lanserte Willy Clay Band sitt andre album, Blue. Plata blei i sin heilhet innspelt i Junosuando, og inneheldt 14 nye låtar.

I 2010 opplevde Willy Clay Band noko som ein god del artistar kan misunne dei. På Notodden Musikkfestival stod WCB på scena med ingen ringare enn Brad Paisley. På scena stod også Lucky Lips, eit band vi har stifta kjennskap med på Norsk Countrytreff tidlegare.

Willy Clay Band hadde lagt instrumenta på hylla, men blei gjenforent for ei speling på Rolling Rootsy Revue i 2014. No har dei atter ein gang gått saman for å stå på scena, og du kan oppleve Willy Clay Band på Norsk Countrytreff på hovudscena fredag kveld.

http://www.rootsylive.com/artist.asp?CArtist=419

Gasta Design