Vassendgutane

Vassendgutane skulle i prinsippet ikkje trenge ein artistomtale. Fest-country-bandet har spelt på Norsk Countrytreff 8 gangar sidan vi blei kjent med dei i 2004! Og etter to år utan Vassendgutane-magi på scena, er det på tide å helse på karagjengen frå Åmdalen i Ørsta igjen!

Vassendgutane anno 2015, består av 7 godt vaksne karar. Sindre Aam på vokal og bass, Arthur Johan Bjørdal på vokal og gitar, Alf Rune Melby på steelgitar, Ernst Olaf Brune på trekkspel, Rune Ståle Brautaset på vokal og gitar, Frank Willy Utgård på elektrisk gitar og kor samt Kim Erik Lillestøl på trommer og kor.

Vassendgutane har 8 album på samvitet, frå ”Pylse og konjakk” – 2000, ”Gi clutch” – 2002, ”Ungkar med dobbelseng” – 2005, ”XO” – 2008, ”Julefest i vest” – 2010, ”Riskrem og entrekått” – 2011, ”Festi ekje slutt – beste HITtil” – 2012 og ”Hesteslepp” – 2013. I tillegg går dei svangre med album nummer ni, som har sleppdato 15.mai 2015! Det blir med andre ord eit spelekåt Vassendgutane vi møter på Norsk Countrytreff i juli!

I adventstida 2014 fekk vi endåtil møte Vassendgutane live frå Vikingskipet på Hamar, i forbindelse med Ole Ivars sin jubileumskonsert. Vassendgutane har i tillegg gjeve ut to DVD’ar med konsertmateriale, frå både Rockefeller og Treungen.

Vassendgutane er klare for Norsk Countrytreff – og Norsk Countrytreff er klare for Vassendgutane!

Du høyrer Vassendgutane på hovudscena fredag kveld.

http://www.vassendgutane.no/

Gasta Design