Twang Gang

Rockabillyen har ikkje vore mest sentral i musikkmiljøa på Vestlandet, men countrymusikken har alltid stått svært sterkt i landsdelen. Twang Gang frå Voss er eit band som har kombinert countrymusikken med rockabillyen, og framstår med eit countrybasert lydbilde, sjølv om hovudsounden er rockabilly.

Gruppa blei danna så tidleg som i 2000, etter at gitarist og vokalist Erlend Styve hadde levandegjort draumen han bar på i nesten 20 år – nemleg å danne rockabillyband. Dei siste 8 åra har besetninga vore den samme, der Styve har hatt med seg Jan Eirik Gullbrå på kontrabass og Bjørne Møen på trommer.

Bjørne Mjøen har si musikalske fortid som bassist i Vangsgutane, medan Gullbrå spelte i Punkebandet. Styve har ei svært variert fortid, både innan countryrock, blues, danseband og folkemusikken.

Stilmessig ligg Twang Gang i den tradisjonelle rockabillyen, og har henta repertoaret sitt frå artistar som Johnny Horton, Johnny Burnette, Eddie Cochran og Elvis Presley.

Bandet debuterte med plata ”Listen, it’s the Twang Gang”, i 2004. Denne plata fekk gode anmeldelsar, og blei varmt mottatt i rockabillymiljøet.

I 2007 besøkte Twang Gang Norsk Countrytreff, og dei hadde då oppfølgaralbumet ”Bandar Abbas Express” klart. Den inneheldt nesten berre sjølvskrevne låtar, og tittellåta på plata handla om trailerruta mellom Noreg og den gamle handelsbyen Bandar Abbas, sør i Iran. Plata blei svært godt mottatt, og i Bergensavisa fekk den terningkast 5. I tillegg til dei sjølvskrevne låtane, gav Twang Gang ut ein cover av Europe sin berømte ”The Final Countdown”, med Twang Gang sin eigen stil og sound.

Sist Twang Gang var på Norsk Countrytreff, skreiv vi altså 2007. Sidan då har mykje skjedd, både hjå gutta i Twang Gang – og på Norsk Countrytreff. Og kva høver då betre enn å ta ein reunion med rockabillybandet frå Voss?

Du kan møte Twang Gang på Opningskonserten torsdag og Kolbeins Saloon fredag.

Gasta Design