Tonje Holen

Tonje Hjemli Holen (23)  vann klassen over 20 år under Norsk Countrytalent i 2014.  Som ein del av premieringa fekk Tonje opptre på Norsk Countrytreff.  Ho gjorde sterkt inntrykk og fekk gode tilbakemeldingar.  Seinare på sommaren song ho på Trandal Countryfestival. I det siste har ho hatt mange solistoppdrag i bryllup og liknande.
Tonjestarta med musikk som veldig ung. Ho har tatt pianotimar og gått i korps.  Ho begynte å synge country fordi ho høyrde mykje på denne sjangeren, og så fekk ho tidleg tilbakmeldingar om at ho hadde god countrystemme. Låtane ho syng, er plukka frå hennar eigne spelelister.  Men når ho vel seg ein låt, så leitar ho ikkje berre countrysongar. Ho tek kva som helst slags låt og tolkar den på sin måte. Så i hennar repertoar kan vi finne countryversjon av kjende hitlåtar. I 2012 deltok Tonje i Norske Talenter, der ho kom til delfinale.  Ho har ein draum om at ho i framtida kan leve av musikken og har ambisjonar om å reise til USA for å kunne jobbe med musikken der.

I år kjem Tonje med eit band med musikarar frå Molde.  Repertoaret er variert med mange kjende låtar.  Tonje seier ho gler seg til å opptre på Norsk Countrytreff igjen, og vi gler oss til at ho kjem tilbake!

Gasta Design