The Vossa Rebels

Kva gjorde DU, når DU var 10 år gammal? Spelte du kontrabass i eit rockabillyband, til dømes? The Vossa Rebels er eit svært ungt rockabillyband frå Voss, beståande av Sondre Hegg (14) på gitar/vokal, Jakob Sjøtun (14) på gitar, Eivind Dæmring Styve (13) på trommer og Sondre Dæmring Styve (10) på kontrabass. Berre namnet The Vossa Rebels, indikerar at her har vi med det rocka og rebelske 50-talet å gjere. Tida då brylcrèm og kast i bukser, eggande hoftebevegelsar og fuzz-pedalen gjorde foreldre- og besteforeldregenerasjonen til ei særs frustrert forsamling.

Rockabilly var eit 50-tals-fenomen, som blanda country, blues og hillbilly til ein heilt ny sjanger. Instrumentert med ståbass, orkestergitar og slagverk, fekk ein fram ein sound som både var unik, fengande og ny. Kven hugsar vel ikkje Bill Haley & His Comets med ”Rock around the clock”?

The Vossa Rebels har, trass sin unge alder, fått vere med på mykje moro sidan starten i 2010. Dei har delteke på Ungdommens Kulturmønstring 3 gangar, dei har spelt på Ekstremsportveko på Voss, på Osfest, Landskyttarstemner, Øya – og ikkje minst, dei var deltakarar i Norske Talenter i 2014. Og no vil vi få presentere dei for publikumet på Norsk Countrytreff!

På Norsk Countrytreff får du møte fire unge gutar, som med sin rockabilly får fart på foten din! Du ser dei på Opningskonserten torsdag og på Kolbeins Saloon fredag.

Gasta Design