Staut

Staut er eit av dei største country/folkrockbanda i Noreg og eitt av dei mest populære live-banda i landet. Publikum møter opp i hopetal for å høyre denne friske Valdresgruppa. Staut skapar alltid god stemning med sine humoristiske tekstar med rotnorsk innhald og fengande tonar.

Stauts tre første album har til saman lege 36 veker på Noreg si offisielle albumliste, VG-lista. Og deira forrige album ,”Stugureint”, gikk rett inn på 1.plass på lista. Alle albuma har hausta både 6’arar og mange 5’arar i ei samstemt musikkpresse, med tilhøyrande gullsal. I 2013 mottok Staut Platina for salet av singlane «Sjå sole» og «Slepp meg inn».

STAUT er:

  • Gaute Lein Ausrød – vokal / gitar
  • Ørnulf Juvkam Dyve – tangenter, kor
  • Asle Tronrud – feler, kor
  • Dag Arve Sandnes – gitarer, slide
  • Torgeir Bolstad – kontrabass, kor
  • Frode Flatland – trommer, kor

De 6 musikarane fann kvarandre i 2009. Dei har breid bakgrunn frå både folkemusikk, rock, pop og jazz.

Staut sleppte sitt fjerde studioalbum “St. Peppersby”, 3. oktober 2014. Dei turnerer no Noreg for å spele nytt og gamalt til sine mange fans. Du kan høyre dei på Breim på hovudscena laurdag kveld.

www.staut.no

Gasta Design