Sivert Bjørdal Band

sivert_bjordal1-313x438.jpg

Sivert Bjørdal blei født i 1959 og oppvaksen på gard i Bjørdalen på Ørsta på Sunnmøre. Oppveksten var mykje prega av sang og musikk, og Sivert fekk tidleg interesse for musikk. Det heile byrja då han lånte onkelen sin gitar. Då var han 12 år og lærte sine første grep. Han brukte mykje tid på guterommet med song og gitar. Det starta først med visesong, men gikk vidare over på country då han var vel 20 år. Bjørdal byrja ikkje aktivt før ham var 25 år. Han var vokalist i ”DIRTY CREEK BAND”. Bandet blei starta i 1989 og fekk raskt innpass i countrymiljøet. Sivert starta som soloartist i 1996. Han reiste på sin første internasjonale countryfestival saman med bandet til ”Visagino country” i Litauen i 1997. Der spelte dei for 25000 publikummarar. Saman med artistar frå mellom anna USA, vart Sivert kåret til ”singer of the festival”.

Sivert har altså lang fartstid som countrysangar, og han har gjennom alle desse åra vore innom ei rekke festivalar i Norge.

På repertoaret fins det mykje av Hank Williams. Bjørdal likar tekstane hans, men framfører dei på sin eigen måte. Han syng også like mykje moderne country, samt eigenproduserte låtar.

Bjørdal gav ut sin første cd i 2004. Dette var ein singel med 4 låtar. Han har sidan kome ut med plata “Lonesome Sound of Sivert Bjørdal – Pure Country”.

Sivert er gift og har tre barn.  Dei er no vaksne. Alle har fått musikken i blodet. Arthur-Johan spelar blant anna i ”Vassendgutane” . Under den årlege julekonserten i Ørsta kyrkje, syng døtrene saman med Sivert. Sivert og sambuar Siv er medarrangørar i Trandal Countryfestival.
Sivert opptrer med fullt band under Norsk Countrytreff. Alle medlemmane i bandet har lang fartstid innan country music.

http://www.sivertbjordal.com/

Gasta Design