Rhonda Vincent

Rhonda Lee Vincent er ein amerikansk country- og bluegrassartist, låtskrivar og multiinstrumentalist født i Kirksville, Missouri. Den 52 år gamle dama har vore lenge i musikkbransjen i USA, og blei i 2000 utnemnt til ”The new Queen of Bluegrass” av The Wall Street Journal.

Rhonda si musikalske karriere byrja då ho som born spelte i familiebandet ”The Sally Mountain Show”, og ho har over 40 års erfaring som musikar innan bluegrass-sjangeren. Ho viste tidleg at ho meistra dei progressive akkordstrukturane og den raske vokalen som kjenneteiknar bluegrassen, og ho blei raskt ein respektert artist. Som gjesteartist har Rhonda Vincent spelt i lag med stjerner som Dolly Parton, Alan Jackson, Tanya Tucker og Joe Diffie, blant anna.

Medan Rhonda Vincent spelte med The Sally Mountain Show, gav ho også ut si første soloplate ”New dreams and sunshine” i 1988. Dette kom som følgje av at Vincent vann vokalistkonkurransen ”You Can Be a Star” på The Nashville Network, eit TV-sendt show i USA. Hennar første profesjonelle opptreden var i lag med den legendariske Gran’ Old Opry-stjerna Jim Ed ”Pop a top” Brown.

Etter å ha gjort suksess som bluegrassartist, gjekk Vincent over til mainstream country, men her opplevde ho ikkje same suksessen. I 2000 returnerte ho difor til sin hovudsjanger – bluegrass. I tidsrommet 2000 til 2006 mottok Vincent The International Bluegrass Music Association (IBMA) sin ”Female Vocalist of the Year award” heile 6 gangar, og blei i tillegg kåra til IBMA «Entertainer of the year” i 2001. I tillegg fekk ho The Society for Preservation of Bluegrass Music in America (SPBGMA) sin ”Entertainer of the year award” kvart år mellom 2002 og 2006.

I februar 2010 gjekk Vincent i studio igjen, og seinare samme år sleppte ho plata ”Taken”. På plata bidrog mellom anna Dolly Parton, Richard Marx og Little Roy Lewis. Plata gjekk rett inn som nummer 1 på Top Bluegrass Albums.

I juni 2011 var det atter på tide med eit studioalbum, og Vincent inngjekk eit samarbeid med countrylegenden Gene Watson på låta ”Your money and my good looks”. Albumet enda på ein 71.plass på The U.S Billboard Top Country Albums.

I 2014 kom albumet «Only Me”, der vi finn både country og bluegrass, og Rhonda Vincent vart nominert til Grammy Award for bluegrassdelen. 9.februar i år vann Rhonda Vincent & The Rage 5 prisar under SPBGMA si utdeling.

Vincent har – stikk motsett av mange andre country- og bluegrassartistar – valt å halde seg busett i Missouri, og saman med familien arrangerar dei årleg ”The Sally Mountain Bluegrass Festival” i samband med 4th of July-feiringa i USA. Artistar og fans frå heile verda kjem til Missouri for å nyte bluegrass denne helga.

Du kan oppleve Rhonda Vincent & The Rage på hovudscena laurdag kveld.

http://www.rhondavincent.com/

Gasta Design