Lucky 4

Lucky 4 er ein norsk bluegrasskvartett med vokal i høgsetet. Lucky 4 fekk sitt namnetetter å ha laga musikk til den norske spelefilmen «Sykt Lykkelig» regissert av Anne Sewitsky. Gruppa vart sett saman for anledningen og møttest første gang i studio der dei spelte inn eit knippe gamle southern-gospelslagarar. Musikken er basert på amerikanske bluegrass-slagarar, der vokalharmoniane er tungt prioritert. «Vi synes det var utrolig morsomt da vi først spilte sammen i forbindelse med filmusikken. Det oppstod en umiddelbar kobling rundt musikken, og vi såg straks etter muligheter til å fortsette med prosjektet.» seier Hans Martin Austestad, gruppas banjomotor. Etter at filmen kom ut fekk gruppa fleire og fleire oppdrag. Filmen vann Sundance Festivalens gjevaste jurypris i 2011, musikken vart også nominert til Amandaprisen, og gruppa vart etter kvart sendt ut på turne for Rikskonsertane. «Kombinasjonen av banjospill og firstemt mannssang er noe som treffer hjertene til folk, uansett hvilken alder eller bakgrunn de har. Det er umulig å forbli uberørt av denne musikken» sier Mattis Myrland, gruppas overstemme.

Lucky 4 har gjennom fire år spelt for tusenvis av barneskuleelevar, og vil også spele ein eigen barnekonsert på Norsk Countrytreff, med bluegrassmusikk som tar barn på alvor.

Medlemmar:
Hans Martin Austestad, Mattis Myrland, Nils Christian Fossdal, Håkon Rasmussen

https://www.facebook.com/luckyfourmusic

Gasta Design