Longhorn

Longhorn er fylket sitt eldste countryband. Dei står for ein tradisjonell country, men går ikkje av vegen for eit breiare repertoar når tid og stad høver seg. Dei skildrar festivalen i Breim som det viktigaste, årvisse føretaket innan norsk country. Og dei er like årvisse som festivalen sjølve, og er å rekne som husbandet til Norsk Countrytreff. Dei spelar i år på dei treeldrekonsertane,  under kyrkjekonserten og på Kolbeins Saloon laurdag kveld til glede for nye og gamle festivalgåarar.

Toppen av høgtid for countrymusikken i Noreg er når Longhorn frå Lærdal tek plass i koret i Breimskyrkja. Atmosfæren kan ikkje skildrast med ord, den må opplevast.

I 2013 gav deiut Hometown Street, som inneheld fleire av publikumsfavorittane. Dei kallar seg glade amatørar, men musikken er slett ikkje amatørmessig.  Longhorn er kjende for å skape god stemning og fylle dansegolvet.

Gasta Design