Kurt Nilsen

Kurt Nilsen og hans fabelaktige band reiser i år ut på ein omfattande Noregsturné. Årets turné er ei storslått feiring av Kurt sine fantastiske låtar og blir ei musikalsk reise gjennom heile karriere hans.

Kurt Nilsen: Eg gleder meg så utrolig til å reise ut på veien. Det å møte alle de fantastiske folkene som bor i dette landet er veldig stort for meg, det er jo dette eg elsker og gjøre. Vi sees på tur!

Det norske folk vart kjent med Kurt Nilsen i 2003. Etter Idol og World Idol-sigeren, har Kurt Nilsen fått mange Spelemannsnominasjonar og hatt fleire store hits på radio. Som ein del av prosjektet Lind, Nilsen, Fuentes og Holm, var Kurt med på å skape norsk musikkhistorie med over 200.000 selde plater. Kurt Nilsen er ein av dei mestselgande artistane i Noreg gjennom dei siste 10 åra, og er ein av dei mest ettertrakta liveartistane i landet.

I 2014 deltok Kurt Nilsen på SXSW (South West Music Festival in Austin). Dei hentar sjeldan inn artistar utanfrå USA. I grunngjevinga deira kan vi lese at Kurt var invitert fordi han hadde vunne World Idol, hadde ei særeigen stemme og var genuint glad i countrymusikk, ja så glad i sjangeren at han hadde reist til Texas for å spele inn Hank Williams sin klassikar “Lost Highway” saman med Willie Nelson.

Countryfolket gleda seg stort då albumet «Rise to the Occasion» kom i 2008.   Albumet «Inni en god periode» frå 2013 inneheld også countryinspirerte låtar.

I 2013 vart Kurt dommar i Idol på TV2 og var med på å skape dei høgste sjåartala på fleire år. Også hausten 2014 var han dommar i programmet. Samstundes jobba han i studio med nytt album. Tidlegare på året hadde han vore fleire veker i Nashville for å skrive låtar saman med musikkbyen sitt A-lag.

Kurt har vore deltakar i mange andre populære TV-program, bl.a i «Hver gang vi møtes». No skal vi få møte han live i Breim. Han står på hovudscena laurdag kveld.

Gasta Design