Hege Øversveen

h0plakatutekst-378x438.jpg

Hege Øversveen er for dei fleste kjent som ein av 4 finalistar i 2012-utgåva av The Voice. Hege var Hanne Sørvaag sin utvalde, og endte på ein sterk 2.plass. Ho markerte seg der med ei fantastisk stemme og kjempeutstråling!

Hege er kjenneteikna som ein artist som elskar å stå på scena! Utstrålinga og formidlinga treffer publikum på ein framifrå måte, om det er på ei intimscene med publikum på ei armlengdes avstand, eller om det er på festival med fullt trøkk! Musikalsk sett ligg Øversveen i eit melodiøst grenseland mellom country, pop og rock. Det har blitt sagt at ho veit å balansere mellom den såre hulkinga til Hank Williams og den avsindige trøkken i Sheryl Crow.

Etter 2.plassen i The Voice gav Øversveen ut eit fullengdealbum i 2013, kalla ”You don’t know me”. Plata låg inne på VG-lista i 7 veker, og i Klassekampen blei albumet betrakta som eitt av dei 10 beste norske album i 2013. I 2014 debuterte Hege som artist på NRK sitt fredagsunderhaldningsprogram «Beat for Beat».

Som låtskrivar har Hege ei stor spennvidde. Det fins like mange hjarteknusande og triste balladar, som optimistiske og svingande låtar. Ho skriv mykje om livet ho sjølv har levd, og til tross for sin unge alder og korte karriere som låtskrivar, har talentet hennar gjort inntrykk. Dette har ført Hege Øversveen til Nashville 2 gangar, der den første turen resulterte i EP’en ”Heartfelt”.

Hege Øversveen vart født inn i ein musikalsk familie, og musikk og speleglede har følgt ho heile livet. Som born prøvde ho ut både fiolin og piano, men som 20-åring enda ho opp med gitaren som sitt instrument – i lag med den fantastiske vokalen.

Live opptrer Hege Øversveen både åleine, saman med ein gitarist eller med fullt band. På scena er det alltid liv, og ho betraktar scena som sin absolutte ”Happy Place”.

http://www.hegeoversveen.com/

Gasta Design