Darrel Webb Band

Darrell Webb Band spelar akustisk musikk med elektrisk energi. Bandet turnerar vanlegvis i Nord-Amerika og Canada, der dei opptrer på utandørs musikkfestivalar, konsertar, klubbar og på private tilstelningar.

Darrell Webb Band tar med seg energi og speleglede på scena, og freistar gjerne å strekke seg forbi dei tradisjonelle bluegrass-grensene. I både 2012 og 2013 sikra dette at Darrell Webb Band fekk nominasjonar til International Bluegrass Music Association Award.

Darrell Webb Band feirar for tida suksessen i den siste utgjevinga, Dream Big. Songen ”Flying South to Dixie”, der medlemmar av ”The Grasscals” også opptrer, toppa Bluegrass Today’s Weekly i juli 2014. Darrell sjølv inngjekk eit samarbeid med barndomsvenninna Rhonda Vincent på songen ”More Life”. Det nye albumet ”Dream Big”, utgjeve på Mountain Fever Records, er ei 20-årsfeiring for Darryll Webb som artist.

Darryll Webb Band består av Darryll Webb på vokal og mandolin, Jake Joines på vokal og dobro, Jeremy Arrowood på vokal og bass, Jared Hensley på vokal og gitar og Brandon Green på banjo.

Du møter Darrell Webb Band på blugrasskonserten i Frislidlda og på Kolbeins Saloon.

http://www.darrellwebbband.com/

Gasta Design