Claudia Scott

Fersk spelemannsprisvinnar Claudia Scott er kjend for mange, og har opp gjennom åra gitt oss utallige gode musikkopplevingar. Saman med Ottar Bid Hand og Casio Steel, spreidde ho countrymusikk utover det ganske land. Engelskfødte Scott voks opp i Bergen med ein far, som var pioner innan countryfeltet i Noreg. Ho debuterte som elleveåring med ei oppsiktsvekkande tolking av «Jackson» på ein av faren sine plater.

Claudia Scott har vokse opp i ei familie der alle har reist. I åra som har gått sidan «Flowers & Thorns» kom ut i 1992, har Claudia blant anna tilbrakt mange år i Music City, Nashville.   I Nashville heldt Claudia seg i kretsen rundt den legendariske songar/ låtskrivar-scena på spelestaden Bluebird Café, ein av dei sentrale innspillingsstadane i den suksessfulle TV-serien som ganske enkelt heiter «Nashville». Claudia har stått på scena på Grand Ole Opry.

I 2014 kom «Follow the Lines», som er Claudia sitt femte soloalbum. Då hadde det gått åtte år sidan det førre albumet, «John Clare´s Dream», kom ut. Claudia Scott har lengje vore rekna som ein av Noreg sine fremste songarar/ låtskrivarar innanfor utrykket som i dag vert kalla americana. Dette er countryinfluert musikk som også har tatt opp i seg element frå bluegrass, gospel, soul og rock.

Claudia har dei siste åra spelt i danske Poul Kreb sitt band og har tilbrakt meir tid på danske scener enn på norske. Det har Claudia planar om å gjere noko med. Ho vil ut over året opptre på norske konsertscener, og kjem til Breim 9. og 10.juli.

http://www.claudiascott.com/

Gasta Design