Blågras

BLÅGRAS 2015

Lyden av Appalachianfjella, Bøafjellet, Skotske highlands og Valdres..

For tredje året på rad inviterer folkartisten Sigrid Moldestad frå Breim til musikalsk meistermøte i heimbygda under Norsk Countrytreff. Tradisjonen tru vert konserten i ”Lada ‘na Malla” laurdag 11 juli. Nytt av året er akustiske solo/duo-konsertar under festivaldagane i stova der spelemannen Peder Råd levde, samt eit søndagsbesøk til Bremanger kyrkje.

Også i år får publikum møte særeigne musikarar som står støtt i sine tradisjonar i aksen Skandinavia-Storbritannia-Amerika. Det blir unikt banjospel, fele og fortellarkunst frå Applachianfjella ved Riley Baugus og Brad Leftwich. Riley Baugus har spelt på platene til både Alison Krauss, Willie Nelson, Robert Plant og i filmen ”Cold Mountains”. Det blir energisk virtoust old-time-felespel av unge, men allereie legendariske Brittany Haas, m.a. kjend frå bandet ”Crooked Still”. Ho kjem saman med svenske Lena Jonsson, i seg sjølv eit fyrverkeri og ei av dei mest markante yngre folkemusikarane frå Sverige! Frå Skotland kjem Karine Polwart. Ho syng balladar og eigne songar med ei av dei vakraste røystene frå landet. Det same kan seiast om Kris Drever, gitarist og songar, opprinneleg frå Orknøyane. Euan Burton skal spele bass, også han med ei imponerande merittliste. Den norske langeleiken møter Hank Williams gjennom Anders Røine sitt uttrykk. Han har m.a spelt med Sigrid Moldestad på siste plata hennar og er også kjend frå duoen Sudan Dudan. Sigrid Moldestad er som forrige år produsent og musikar. Ho kallar årets artistliste knallsterk og gler seg stort til å skape konserten i Lada`na Malla laurdag 11 juli : ”Det er like spanande kvart år. Det å oppdage alle felles møtepunkta vi har i musikken, og samstundes høyre dei indviduelle kvalitetane kvar og ein kjem med.”

Nytt i år er altså små akustiske solo/duo- konsertar på dagtid i huset til spelemannen Peder Råd v/ festivalområdet. Her kan publikum stikke innom, sette seg ned og oppleve ein liten stovekonsert med musikarar i verdsklasse rett framfor nasen! I dette huset sit musikken i veggane, og ingenting er meir naturleg enn at tradisjonane møtast her, seier Sigrid Moldestad. Peder Råd var ein av hennar første læremeistrar og ein viktig tradisjonsutøvar i Breim. Den sterke utvandrarhistoria i Norge gjev oss sterke bindingar til det som låg vidare ut i havet og i Amerika. Musikktradisjonane våre er så like, og vi har alle gjeve voksterjord til det som i dag kjem tilbake til oss i countrymusikksjangeren, seier ho. Eg trur det er difor denne musikken har sånn gjenklang i oss her heime.; -vi kjenner oss att i dei enkle historiefortellingane, melankolien, humøret eller dansegleda. Dei musikalske klangane liknar noko som har levd her hos oss.

På søndag flyttar Blågras-gjengen seg ut mot havet. For fyrste gong skal konserten gjere ein ekstra stopp på vegen før alle dreg kvar til sitt. Kristin Sandal i Norsk Countrytreff kallar det nye samarbeidet spesielt gledeleg. -Som knutepunktfestival har vi eit ansvar for også å spre aktiviteten vår ut i regionen, og vi syns det var veldig spennande når Bremanger Rockweekend tok kontakt. Ein konsertproduksjon som i si heilhet er skapt av Norsk Countrytreff vert spreidd til fleire. Det er vi stolte over og det tenar vi alle på.

Blågraskonserten har premiere i Lada ‘na Malla laurdag 11 juli, og som før er det stor rift om billettane så folk må vere om seg. Følg Blågras på facebook for meir om artistane, lyd, bilete, oppdateringar m.m.

Gasta Design