Billy Yates

Country-artisten Billy Yates har vitja Norsk Countrytreff ved to høve tidlegare, både i 2007 og 2011. Heilt sidan han forlet Columbia Records Nashville i 2001, for å søke lukka under sitt eige produksjonsselskap M.O.D Record Label, har Yates gjeve ut plater jamnt og trutt.

Billy Yates blei som så mange andre countryartistar, introdusert til countrymusikken gjennom foreldra sine. Som gardsgut og son av ein jordbrukar, vaks interessa for countrymusikken naturleg. Artistar som Jim Reeves, Ernest Tubb, Buck Owens og Merle Haggard inspirerte og forma Billy Yates til den countryartisten han er i dag.

Som ung mann, var Yates både sjenert og lite scenevant. Han utdanna seg til frisør, og jobba med hårklipp på dagtid, som radiovert på kveldstid – og som musikar i helgane. I 1987 tok han ei avgjerd, og flytta til Nashville for å følgje draumen om ei artistkarriere.

Som låtskrivar opplevde Billy Yates større suksess enn som artist i starten, og i 1992 brukte countrylegenden George Jones to av Yates sine songar på plata si; Walls Can Fall. ”I don’t need your rockin’ chair” blei kåra til CMA Vocal Event of the Year i 1993, og seinare hamna låta ”Choices” inne på Top 30 Country Charts. For dette fekk Yates og med-skribent Mike Curtis ein Grammy-nominasjon.

I 1997 var Yates framleis på jakt etter si eiga platekontrakt. Han fekk napp hos ALMO Sounds, som slapp Yates si sjølvtitulerte plate, der låta ”Flowers” for alvor plasserte Yates i tradisjonalist-segmentet innan country. Diverre gjekk ALMO Sounds konkurs kort tid seinare, og Billy Yates fekk ikkje etablert seg i country-verda. Yates fekk så kontrakt med Columbia Records Nashville, der han vart til han altså tok det kontroversielle valet å trekke seg til fordel for sitt eige produksjonsselskap. Namnet på selskapet; My Own Damn Record Label.

Sidan dette har det blitt 9 kritikarroste album frå Billy Yates. Siste album, «These Old Walls», kom i januar i år. Albuma har posisjonert Yates i trad.-country-segmentet og har sikra han ein stor fan-base i så vel USA som i Europa.

Artistar som Gary Allan, Tracy Lawrence, George Strait, Sara Evans, Rhonda Vincent og Kenny Chesney har alle gjort coverversjonar av songar frå Billy Yates.

På Norsk Countrytreff får du møte Billy Yates på hovudscena fredag kveld.

http://www.billyyates.com/

Gasta Design