VON

VON kjem frå Gudbrandsdalen og plasserer seg sjølv i landskapet mellom nyare country og countryrock, men er ikkje for opptatt av å være sjangertru. Bandet har gjeve ut tre plater. Den fyrste og  sjølvtitulerte plata Von kom ut i 2010. Plata vart etterfølgt av Mange Veigje i 2011, og den førebels siste plata, Ein fot innafor, kom ut i 2013. VON har vore på VG- lista, og fleire av sangane deira har sirkulert på radio. Dei har også hatt TV-opptredenar.

Musikkmeldar i Musikkbloggen.no skriv følgjande i november 2013: «Melodiene er til tider irriterende fengene, riffene sitter i øret, tekstene er sterke og blottet for platte beskrivelser og overfladiske funderinger –  og bandet låter som en veritabel kanonkule av komprimert spilleglede». Siste plata har fått terningkast 5 i fleire aviser.

Medan dei arbeidde med Ein fot innafor mista bassist Eirik Holen livet. Bandet valte å fullføre plata og fortsetje. Vi er svært glade for at dei held fram, forvitreng VON og sangane deira i Country-Noreg.

Bandet består av:  Geir Sletten (vokal og gitar), Ole Jonny Bekkemellem (gitar og banjo), Odd Halvard Seterdal (lead gitar og mandolin), Tor Arne Tofte (bass), Vebjørn Hoff (piano og hammond) og Erling Lid (trommer). Von spelar på Kolbeins Saloon laurdag 12.juli. Dei lovar oss ei folkeleg oppleving det luktar gras og bensin av!

http://www.vonmusikk.no/

Gasta Design