Tore Andersen & A-11

Spellemannprisvinnar Tore Andersen er å rekne som ein av Noregs fremste songarar og låtskrivarar innan countrysjangeren.  Det var for sin tredje CD, ”Right Around The Corner”,  han vann prisen for beste countryalbum i 2009.

Tore Andersen starta karriera som vokalist i eit av Noregs mest populære danseband, ”Vikings”, og har sidan, parallelt med eiga karriere, samarbeidd med ei rekkje kjente musikkprofilar, bl.a. Ottar ”Big Hand” Johansen, Rita Eriksen, Bjøro Håland, Steinar Albrigtsen og Paal Flaata.  Ein duett med sistnemnte, ”Goodbye Blues”, låg4 veker samanhengande på førsteplass på legendariske ”Norsktoppen” hausten 2008.

Tore Andersen kjenner Norsk Countrytreff godt og har i mange år vore konferansier på hovudscena.  I år sat han også i juryen under Norsk Countrytalent.

Tore opptrer med bandet A-11, eit av Noregs beste countryband og fast husband på ”Oslo Opry”, forsterka for anledningen med legenda Thomas Haglund på fele. Repertoaret deira på Norsk Countrytreff vil i hovudsak bestå av klassisk country, ispedd nokre av Andersen sine originale låtar.

Besetning under konserten på hovudscena fredag kvelderTore Andersen (vokal, gitar), Bjørn Haglund(trommer, vokal), Ivar Thomas( bass , vokal) ,Ian Johannesen( gitar) Tore Blestrud ( steel) og Thomas Haglund (fele)

Gasta Design