Tonje Hjemli Holen

Tonje Hjemli Holen (21)  vann klassen over 20 år under Norsk Countrytalent i 2014.  Ho fortel at ho var overraska over det høge nivået i konkurransen, og var naturleg nok svært glad for å gå av med sigeren.

Tonjestarta med musikk som veldig ung. Ho har tatt pianotimar og gått i korps.  Ho begynte å synge country fordi ho høyrde mykje på denne sjangeren, og så fekk ho tidleg tilbakmeldingar om at ho hadde god countrystemme. Låtane ho syng, er plukka frå hennar eigne spelelister.  Men når ho vel seg ein låt, så leitar ho ikkje berre countrysongar. Ho tek kva som helst slags låt og tokar den på sin måte. Så i hennar repertoar kan vi finne countryversjon av kjende hitlåtar.

I 2012 deltok Tonje i Norske Talenter, der ho kom til delfinale. Elles har ho ikkje hatt eigne konsertar tidlegare.  Ho har ein draum om at ho i framtida kan leve av musikken og har ambisjonar om å reise til USA for å kunne jobbe med musikken der.

Tonje seier ho gler seg til å opptre på Norsk Countrytreff, og vi gler oss til å høyre henne igjen!  Ho skal opptre under opningskonserten i Trivselshagen torsdag 10.juli og på Kolebins Saloon fredag 11.juli.

Gasta Design