The John Jorgenson Bluegrass Band

Som namnet på bandet tilseier, handlar dette om bluegrass.  The John Jorgenson Bluegrass Band er i verdsklasse innan bluegrass, og består av 4 legendariske musikarar:  John Jorgenson på gitar, mandolin og vokal.  Herb Pedersen på banjo, gitar og  vokal; Jon Randall på gitar og vokal; og Mark Fain på bass.

Det er ikkje ofte det kjem gitarlegender av dette kaliberet til Noreg, for det finst ikkje så mange av dei. John Jorgenson er ein levande legende! Visste du ikkje kven han var før du såg han på Norsk Countyrtreff, så kjem du til å vite det etterpå.

John Jorgenson er mest kjent frå The Hellecasters og The Desert Rose Band, men han har samarbeida på turne og/eller i studio med namn som: Johnny Cash, Wille Nelson, Emmylou Harris og Elton John, berre for å nemne nokre. I The Desert Rose Band vart John Jorgenson kåra til årets gitarist av Academy of Country Music svimlande tre år på rad.

For dei av dykk som kjenner til The Desert Rose Band, gjenkjenner de to namn derifrå: John Jorgenson og Herb Pedersen.  På Norsk Countrytreff  i år får du altså ikkje berre sjå og høyre desse dyktige musikarane med The Desert Rose Band, men du får òg oppleve dei spele bluegrass i The John Jorgensen Bluegrass Band saman med to andre artistar frå den aller øvste hylla i musikkverda:  Jon Randall, som bl.a. har spelt med Emmylou Harris & Nash Ramblers, og Mark Fain, som har spelt med bl.a. Ricky Skaggs. Bandet skal etter planen gje ut si debutplate i august.  Vi gler oss til den!

Om du vil la deg trollbinde av musikk, eller berre la deg fasinere av teknisk dyktigheit, så anbefalar vi deg med dette konsertar med The John Jorgenson Bluegrass Band!  Dei spelar på bluegrasskonserten i Frislidlada fredag og på Kolbeins Saloon laurdag.

 
Gasta Design