The Haystack Hi Tones

Dette hollandske bandet spelar fengande rockabilly/swing med eit snev av gamaldags country.  Dei seks bandmedlemmane ser ut til å trivast godt saman på scena, og sprer energi og glede ut til sitt publikum.

Dei skriv på facebooksida si at musikken er inspirert av mineralvatn, kaffi og whiskey. Men det er sjølvsagt det å sjå gleda i ansikta til publikummet, som gjev bandet motivasjon til å leggje heile sitt hjarta og si sjel i musikken.

Bandet består avMarjos Rinders (vokal), Annita Langereis (vokal), Jan Kramer (rytmegitar), Ray Blom (dobbelbass, vokal), Richard Hoekstra (lead- og rytmegitar)og Jan van Leeuwen (trommer).

Haystack Hi-Tones spelte i fleire år rundt om på store konsertar og festivalar i Europa.  Etter nokre års pause, er dei no i gong att, og er å finne på plakatar ulike stadar i Europa. 10.-12.juli kan vi høyre dei i Breim.  Dei spelar bl.a. på Kolbeins Saloon fredag.  Gjer dansefoten klar!

Gasta Design