The Desert Rose Band

The Desert Rose Band er eit populært country/country rock band frå USA , danna i 1985, då 6 dyktige og høgt respekterte musikarar frå ulike band slo seg saman for å lage og spele god country og country rock.  Chris Hillman er låtskrivar, vokalist og gitarist og trakterer i tillegg mandolin.  Andre medlemmar er Herb Pedersen på gitar og banjo, John Jorgensen på gitar, Jay Dee Maness på steel-gitar, Bill Bryson på bass og Steve Duncan på trommer.

The Desert Rose Band vart først kjende i 1986 med singelen «Ashes of Love», ein cover-versjon av Johnnie & Jack’s låt.  I 1987 kom «One step forward» og den gjekk rett til topps på listene. Sidan følgde fleire store hits som klatra på Topp 10- listene utover siste halvdel av 80-talet og første del av 90-talet. Låtane «I still believe in you» , «Summer Wind» og «Story of love» er blant dei mest populære.

Bandet vann 3 Academy of Country Music Awards og mottok fleire nominasjonar frå Country Music Association og The Grammys.

Dei takka for seg og var borte i 15 år , før dei , til fansens store glede, valde å samlast att i 2008 til konsert i California. Frå 2010 har dei  hatt fleire konsertar, og no i 2014 kjem bandet med heile sin opprinnelege gruppemedlemmar til Breim.  Dei spelar på hovudscena laurdag.  Dette er einaste konserten dei held i Europa dette året.

http://www.chrishillman.com/desertroseband/

 
Gasta Design