Texanos

Texanos frå Bergen er eit band bygd kring musikksjangeren Texmex. Texmex er ein blanding av tysk polka, amerikansk country og mexikansk folkemusikk. Texanos har røter frå Bergensbandet Hole In The Wall som vert rekna som pionerar innan Texmex i Noreg på 70- tallet.

Texanos er det fremste Texmex-bandet i Noreg i dag, og består av 5 dyktige musikarar med lang musikkerfaring: Erik Moll på vokal, gitar og kor.  Han er kjend frå fleire band, bl.a. Hole In The Wall ogErik Moll Band. Moll har budd 15 år i Austin og kjenner såleis sjangeren særskilt godt. Arve Håland på vokal, trekkspel og kor.  Arve er kjend frå bl.a. Hole in The Wall og Cajun Gumbo og har spelt saman med Cato Sanden og Teddy Nelson. Dag Atle Håland på vokal, gitarar og kor.  Dag Atle har spelt i bl.a. Heimalanne og Cajun Gumbo. Vidare finn vi Skjalg Kaspersen på bass og kor ogMorten Bergstrøm på trommer.

Texanos har eit langt og lidenskapeleg forhold til Texmex og framfører låtar av dei kjente Texmex- gruppene, samt original-låtar innan stilarten frå Erik Moll sin katalog. Det svingar energisk mellom morosame uptempo polkas, two-steppers og svulstige balladar. Under Texanos sine konsertar, kan du bli med på ei eksotisk musikalsk reise. Dei opptrer m.a. på Kolbeins Saloon fredag.

http://www.madamfelle.no/events/texanos/

Gasta Design