Silje Sirnes Winje

Silje Sirnes Winje er eit kjent og kjært TV-fjes for dei  fleste barn og småbarnsforeldre.  Og 11. juli spelar ho og bandet i Trivselshagen

I november 2011 slapp ho plata “Kykkelykkelig”, ei eigaprodusert barneplate for dei minste. Dette er ei leiken og melodiøs plate, med mange strengeinstrument, ei plate godt innanfor bluegrass-sjangeren. Silje seier sjølv ho ynskte å gje barn ei morosam plate med høg musikalsk kvalitet, ei plate som treffer barna både musikalsk og tematisk.

Tekstane er på barna sine premissar, der verden blir studert med skrått og underfundig blikk. Her er muntre songar om høner som skrøner og kuer med luer, men også meir underfundige og ettertenksame songar om f.eks. det å vere verken liten eller stor, men “Midt i mellom”, som ein av songane heiter.

I februar 2012 kom  ”Kykkelykkelig aktivitetsbok” ut på Egmont forlag.

Fredag 11.juli vil Silje med bandet Earlybird Stringband inspirere barna på Barnas Country til song, dans og leik med ord, rim og rytme.

Gasta Design