Rune Larsen (The Tramps)

Rune-Larsen-The-Tramps-.jpg

Ikkje til å forveksle med sin ”lollipop”- namnebror frå Bergen. Denne Rune Larsen kjem frå Stavanger og er mest kjent som vokalist og låtskrivar i folkrockbandet The Tramps.
Saman med The Tramps har Rune turnert landet på kryss og tvers i ei årrekke. Bandet feirar i desse dagar 20- årsjubileum. Dei har i løpet av desse åra gjort rundt 2000 spelejobbar og gjeve ut 5 album.
Rune har alltid hatt ein sterk dragning mot countrymusikk og har dei siste åra hatt eit nært samarbeid med G-Thomas, som er ein nestor innan sjangeren i Norge. Dette samarbeidet førte dei i fjor sommar til Nashville, der det vart spelt inn eit knippe countryklassikarar.
Rune har mange gode minner frå sine tidlegare opptredener i Gloppen saman med The Tramps og ser virkelig frem til å få delta på Norges kulaste countryfestival på Breim!

Gasta Design