Rita Eriksen

Rita Eriksen har ei artistkarriere på over 20 år bak seg. Og ho kunne i 2012 krone den med tittelen som «Noregs ultimate entertainer» etter NRK-programmet ”Stjernekamp”. Eriksen beherskar ei rekkje sjangrar, som roots, folkemusikk og visesong. Rita Eriksen si stemme er ettertrakta av andre musikarar, og ho har mellom anna samarbeidd med Hellbillies, Vamp, Bjørn Eidsvåg og Reidar Larsen. Mange vil kjenne igjen stemma frå Vamp sin hit ”Ti n’a Noir”.  Dei fleste kjenner henne frå låten «Karl Johan». Rita jobbar no med eit nytt album som er planlagt utgitt våren 2014.

Rita Eriksen med band spelte under festivalen vår i 2013.  Mange har ynskt ho tilbake i jubileumsåret 2014.  Laurdag 12.juli kan publikum vente seg ein stemningsfull og variert konsert frå landets beste underhaldar både på kyrkjekonserten og på hovudscena laurdag!

http://www.ritaeriksen.no/

 
Gasta Design