Odd Nordstoga

Presse4-438x434.jpg

Odd Nordstoga fekk sitt store gjennombrot som soloartist i 2004 med plata Luring. I år feirar han tiårsjubileum som soloartist, og det er med stor glede vi kan melde at han vitjar oss på Breim under Norsk Countrytreff i 2014. Odd Nordstoga debuterte på plate allereie i 1997 og har etter dette gjeve ut ein imponerande katalog med kritikarroste plater, seinast Heimafrå frå 2013. Odd Nordstoga har vunne fleire spelemannsprisar, han har toppa VG-lista, og har radiotid dei fleste artistar berre kan drøyme om. Slår du opp ordet folkeleg eller folkekjær i ordboka, finn du kun eit bilete av Odd Nordstoga.

Under konsertane i Breim kjem Odd Nordstoga til å spele eit utval av sangane frå perioden 2004 til 2014. Det blir ei musikalsk reise gjennom 10 fantastiske år, og du kjem utan tvil til å høyre songar du har høyrt tidlegare. Det vert nok både «Kveldssong for Deg og Meg» litt «Texas», «Under ein Cowboyhatt» før  vi kan synge saman  «Heim til mor».  Kan vi håpe på at han stiller i både lusekofte og cowboyhatt? Kanskje ikkje ein vanleg kombinasjon,  men det ville ha vore ei veldig god skildring av vår alles Odd Nordstoga.

NCT har 20 års jubileum og Odd Nordstoga har 10 års jubileum. Vi slår oss saman torsdag 10.juli for å markere dette, først med nokre låtar på Opningskonserten og sidan med ein folkeleg jubileumskonsert på Kolbeins Saloon kl.22.00. Nordstoga stiller med fullt band.  Vi gler oss stort!

http://www.oddnordstoga.no/

Gasta Design