Mark Chesnutt

Mark Chesnutt er rekna for å vere ein av countryen sine ekte musikalske skattar. Han starta karriera tidleg, med faren som inspirator. Han var sjølv songar og platesamlar, og var opphavet til Mark si tidleg interesse for countrymusikk. Frå han var 17 år spelte han i husbandet på ein lokal nattklubb, og spelte etter kvart òg inn songar på små lokale plateselskap. Etter ti år hadde han sakte, men sikkert fått ein tilhengarskare som var svært oppglødd over musikken hans. Under ein konsert i 1989 kom fleire interessentar frå plateselskap, studio etc. for å høyre Chesnutt live. Seinare same år signerte han med MCA Nashville, og fekk snart høgthengande CMA Horizon Award som den mest lovande nykomar. Dette snudde opp ned på karrieren til Chesnutt, som vart hylla av fansen med å kome på Billbord Ten most played Radio Artists i 1990, med sangen «Too Cold At Home». Kritikarane meiner han er i eliten når det gjeld song innan countrysjangeren. Han har halde fast på sin tradisjonelle countrystil, men likevel klart å velje dei rette songane som fenger så vel unge som gamle.
I 1998 overraska han mange av sine fans med innspelinga av Aerosmith`s sin nylege hit «I don`t want to miss a thing». Denne vart nr.1 hit i nokre veker før den enda som nr. 17 på Billboard Hit 100. Chesnutt har ei stor gruppe med fans i Europa, og har difor òg turnert her i nokre år. ”Heard it in a Love Song” og ”That Good, That Bad” er to av hitane som slo igjennom i Europa og låg på hitlister i lengre tid.
Kort oppsummert har han 14 nr.1 hits, 23 Topp 10-singlar, fire platina- og fem gullplater, og er CMA Horizon Award Winner.  Chesnutt har fulle turnelister år etter år. Den einaste konserten han og bandet hans held i Europa i 2014 er her på Breim.
Chesnutt skapte god stemning då han spelte under festivalen vår  i 2009.  Det er ei stor glede å helse Mark Chesnutt velkommen til å avslutte på hovudscena fredag kveld.

http://www.markchesnutt.com/index.html

 
Gasta Design