Gunslingers

Få band innan countrysjangaren har opplevd ei slik utvikling her til lands som Gunslingers.  Etter utgjeving av “Norwegian Honky Tonk” hausten 2008 var bandet booka til dei største festivalane i landet. Fengande melodiar og underfundige tekstar med ekte cowboyhumor på hardingdialekt er karakteristikk som er gjeven av plata “Norwegian Honky Tonk”. Alt frå livet på Countryfestival i Seljord og russiske damer dot.com, til Harrymann si burning på hjørnet og sterke kjensler for ein traktor vert omtala. I 2009 kom oppfølgjaren med namnet “Ein skål te” som vidareførte den humoristiske tonen frå debutalbumet. Sidan kom albumet «Viagra, Biff og Bernaise» og seinast i september 2013 «Made in Norway».

Bandet har gleda publikum i Breim tidlegare, både i 2008 og 2011.

Gunslingers er på plass i Breim i 2014. Du kan møte desse populære karane frå Norheimsund på hovudscena laurdag kveld.

http://www.gunslingers.no/

 
Gasta Design