Feller & Hill & the Bluegrass Buckaroos

Tom Feller frå Indiana og Chris Hill frå Kentucky hadde begge halde på lenge med bluegrass då dei møttest, og det var stemmene deira som vart grobotnen for samarbeidet. Det er sagt at når dei syng i saman, høyrest dei ut som Buck Owens og Don Rich samstundes. Saman danna dei bandet Feller & Hill, som -snart- har gjett ut to plater. Den fyrste heiter Feller & Hill & the Bluegrass Buckaroos og kom ut i 2013. Den andre plata: “Here Comes Feller & Hill” er venta å komme ut innan våren 2014. I bandet er også Marc Poe på gitar og mandolin og Glen Inman på bass.

Feller & Hill & The Blugrass Buckaroos  spelar tradisjonell bluegrass og klassisk country. Som band er dei ferske, men musikarane har alle lang fartstid frå forskjellige band frå countryen sitt heimland.

Når bandet vitjar NCT til sommaren, kan du sjå fram til å høyre kor store to fantastiske stemmer kan bli når dei syng i saman. Det kan vere bluegrassen sine kommande stjerner du høyrer på Breim i år. Bandet framførerbåde gamalt og nytt materiale innan tradisjonell bluegrass og klassisk countymusikk.  Og du kan vurdere om deira versjon av «Together Again» verkeleg er betre enn Buck Owens sin.  Feller & Hill & The Bluegrass Buckaroosspelar på Kolbeins Saloon fredag ettermiddag og i Frislidlada  fredag kveld.

http://fellerandhill.com/

Gasta Design