Empty Bottles Broken Hearts

Empty Bottles Broken Hearts kjem frå Bergen, men dei kunne vel så gjerne komme frå ein sørstat på 50- eller 60- talet. Bandet består av sju unge menneske frå forskjellige musikalske utgangspunkt, men som har kjærleik til honky tonk til felles.  I ryggsekken har bandet fleire singlar samt fullengdaren: “Here´s Empty Bottles Broken Hearts” som mottok god kritikk då den kom ut i 2011 og fekk terningkast 5 i Aftenposten, Dagbladet og Stavanger Aftenblad. Anmeldar i Dagbladet skreiv då: “Det er lenge siden jeg har hørt noen dyrke denne siden av countrymusikken så til de grader. Hurra for det!” Som inspirasjonkjelder oppgjev bandet artistar som Hank Williams, George Jones og Loretta Lynn.

Hausten 2012 gav Empty Bottle ut sin tredje vinylsingel “How Can I Be So Close (And So Far Away)”, som føyer seg inn i ein planlagt serie på til saman 7, ein for kvar medlem i bandet.

Om det måtte vere nokon som mot formodning ikkje likar country, melder Empty Bottles Broken Hearts følgjande på facebooksida si: “På en konsert med Empty Bottles kan det gå opp for enhver at man liker country mye bedre enn hva en før hadde trodd. Så lenge det er snakk om den rette countryen med tre akkorder, steelgitar, knuste hjerter og tomme flasker.”

Empty Bottles Broken Hearts går under kategorien Honky Tonk. Tekstane er på engelsk og har gjerne eit trist innhald pakka inn i fine melodiar. Sangane kan lett dra deg tilbake i tid -tilein tidsperiode som ikkje lenger finst andre stadar enn på ei scene. Denne sommaren får du bl.a. oppleve dei fredag og laurdag på Kolbeins Saloon på hovudarenaen til Norsk Countrytreff. Har du sett dei før, så gledar du deg. Har du ikkje sett dei før, så er dette konserten du må ha med deg i år.

 
Gasta Design