Earlybird Stringband

Oslobaserte Earlybird Stringband vart starta i 2005, og har etter dette gjort seg bemerka ved fleire anledningar. Bandet har fleire gongar blitt omtala som Noregs beste bluegrassband. Det sjølvtitulerte debutalbumet frå 2010 vart nominert til spelemannsprisen, og same året vart Earlybird Stringband kåra til Europas nest beste bluegrassband på EWOB-festivalen.

Sidan platedebuten  i 2010 har bandet også gjeve ut fullengdaren Blindsides (2011), som og vart nominert til Spellemannsprisen. Seinast gav bandet ut LassoFolk (2013). LassoFolk er den fyrste norskspråkelege plata til Earlybird Stringband, og plata har blitt omtala som spennande i det den blandar bluegrass med slåttar.

Earlybird Stringband består kun av strenger og song. Om du lurer på korleis fele, dobro, mandolin, banjo og kontrabass skal høyrast ut, er dette konserten du har lyst å få med deg. Om du ikkje er sikker på kva bluegrass er, er dette òg absolutt konserten du har lyst å få med deg. Om du lurer på kvifor dette bandet gang på gang blir kåra til publikumsfavoritt, er dette konserten som gjev deg svaret!  Earlybird Stringband spelar i Frislidlada fredag kveld og på Kolbeins Saloon fredag.

 
Gasta Design