Def Americans

Sjølv om Johnny Cash forlet oss i 2003, kjem han nok på ein måte til å vere med oss for alltid, ikkje berre gjennom innspelingane, men og gjennom såkalla “cover”- eller “tribute” -band. Def Americans er eit av desse banda som med høg kvalitet held Cash sine låtar i live.  Dette nederlandske bandet vitjar oss under festivalen for å framføre Johnny Cash -songar ifrå heile hans omfattande karriere.  Vi reknar med at allsangfaktoren kjem til å vere skyhøg under denne konserten. «Ring of Fire», «Jacksons», «Folsom Prison Blues», ja, du kan heilt sikkert sjølv fullføre lista med superhits vi kan forvente at Def Americans framfører.

Gasta Design