Alice Kucevic Hugøy

Alice-291x438.jpg

Alice (14) vann klassen under 20 år i Norsk Countrytalent i 2014.  Ho vann også konkurransen i 2013. Under stipendutdelinga gav  Alice uttrykk for at ho vart både overraska og svært glad over å vinne.

I eit e-postintervju fortelAlice at ho så lenge ho kan hugse har  sunge og vore interessert i musikk. Ho begynte på pianoopplæring på kulturskulen, og har spelt piano i 5 år der. Så har ho  gått  på gitar- undervisning dei siste 3 åra, og har også hatt songundervisning i ca. 5 år. Ho  har med andre ord hatt det travelt med opptil 3 forskjellige undervisningar på same ettermiddag etter skulen.  I tillegg har ho drive med friidrett, noko ho også likar veldig godt.

Interessa for country starta etter at ho vann konkurransen i fjor, då ho spelte «Closer» på ukulele. Før detheldt homest på med R&B  og pop- musikk.

Alice har vore med på MGP lokal tre gongar. Der song ho i 2012 og 2013 på den store MGP- scena i Florø framfor over 3000 publikummarar. I 2012 var ho med på Norske Talenter , der ho var med på live- sendingar på TV2, og kom blant dei 45 beste.    Ho opptrådde også i Leikanger i forbindelse med Sogn og Fjordane sitt 250 års jubileum. Elles er ho invitert til å delta på forskjellige arrangement som Sildebordet i Florø, Påskebasar i Solund, Gaular Marknaden på Sande og andre arrangement i Florø og Førde.

Draumen er å bli artist og å kunne leve av musikk. Ho har spelt inn ein singel og ein CD.   No  held ho på å lage sine eigne songar, som ho også  har lyst å gje ut.  Å jobbe med musikk, gjev henne mykje glede, og ho seier at ho  gjennom musikken kjem i kontakt med mange flotte menneske.

Alice gler seg til å vere med under Norsk Countrytreff 2014.  Ho skal opptre på opningskonserten ogunder Countrylutt fredagen.  Vi gler oss til å høyre henne igjen.

Gasta Design