Toini & The Tomcats

Med Toini Knudtsen i spissen, stiller Toini & The Tomcats med fengande og energisk 50-tals rockabilly på scena under årets festival. I 2012 gav dei ut sitt sjette album, og kritikarane har vore rause med lovorda for både dette og fleire andre plater frå bandet. Dei spelar ei blanding av rock’n’roll og rockabilly, og blandar det med country, jazz, ska og soul. Med andre ord kan publikum vente seg eit forrykande og spenstig show når dei går på scena. Gruppa har spelt saman sidan 1991, og er kjende for sine energiske livekonsertar. Det er berre å finne fram rockekjolen og brylkremen og gjere seg klare til å svinge seg i dansen.

http://www.toini.com/

Gasta Design