Them Lewis Boys

Nederlandske Them Lewis Boys er ein rein hyllest til deira store musikalske helt, Mr. Jerry Lee Lewis frå Louisiana. Bandet vart starta i 2010, etter at pianist Jeoren Sweers og bassgitarist Rene Postma, hadde kjøpt inn Jerry Lee Elwis si siste plate, “Mean Old Man”. Sidan den gong har dei spelt på ei rekkje festivalar i heile Nederland og resten av Europa. Uansett kvar dei spelar får dei strålande kritikkar, og publikum set stor pris på å sjå og høyre dette energiske bandet. Med piano, elbass, elgitar og trommer, veit dei nøyaktig korleis dei skal fange energien som prega Jerry Lee Lewis sine liveshow frå 50- og 60-talet.

Songar som Great Balls Of Fire, Whole Lotta Shakin’ Goin’ On, Lewis Boogie, og sjølvsagt countrysongar som Green Green Grass Of Home, er nokre av dei som står på spelelista. Og spesielt for konserten under Norsk Countrytreff har bandet utvida repertoaret av Jerry Lee Lewis songar. Publikum vil få servert ein unik miks av rock´n roll, country og western. Alt i ånda til den store mannen frå Farraday i Louisiana.

Konserten i Breim er Them Lewis Boys sin første i Nord-Europa, og når dei spelar vil det utvilsamt ryke frå Kolbeins saloon.

I Them Lewis Boys spelar:

Jeroen Sweers – piano/vokal

Lennard Fopma – elgitar

Rene Postma – elbass

Koos Keus – trommer

http://www.facebook.com/ThemLewisBoys

Gasta Design