The European Highwaymen

Det musikalske samarbeidet til The European Highwaymen starta i 2006. G. Thomas, Ove Støylen og Arly Karlsen har alle turnert land og strand rundt i ein mannsalder, gjeve ut ei rekkje plater og står alle sterkt på eigne bein. Dei har også turnert på festivalar rundt om i Europa og har fleire låtar på hitlistene i inn- og utland.

Konseptet understrekar sterkt at dei alle har røter til dei legendariske originale ”The Highwaymen”. Låtvala fell naturleg inn under den kategorien, men tek òg for seg store deler av countrymusikkhistoria. Forutan ein del av deira eige låtmateriale, tek dei òg for seg sine eigne tolkingar av låtar med Waylon, Cash, Willie, Kris og sjølvsagt også Buck, Merle, Bare og Jackson. Dei utfyller kvarandre, desse countrygutane, der G.Thomas føler outlawmusikken ut og inn, Arly Karlsen har Mr. Cash i blodet, og der Ove Støylen osar av Willie Nelson ogAlan Jackson i uttrykket. Stemmemessig eit perfekt konsept der deira røster passar utmerka i lag.

http://www.europeanhighwaymen.no/europeanhighwaymen/Home.html

Gasta Design