Steffen Jakobsen

Den nye countrystjerna, Steffen Jakobsen, har ei stemme som sette Kurt Nilsen heilt ut. Med si karakteristiske og djupe bassrøyst imponerte han ikkje berre dommarane under årets sesong av Idol, han vart i rekordfart eit nytt stjerneskot i countrysjangeren. Jakobsen stod også på scena i Breim i 2007, men har sidan den gong verkeleg teke publikum med storm. Han syng tradisjonell country og er inspirert av gamle favorittar som Merle Haggard, Johnny Cash, Waylon Jennings og George Jones. Om det er Noregs nye Idol som står på scena under årets festival gjenstår å sjå, men det er sikkert at Steffen Jakobsen vil gje publikum ein uforgløymeleg konsert med si nydelege stemme.

http://steffenjakobsen.com

 
Gasta Design