Steff Nevers

Med sin moderne countrymusikk er Steff Nevers blitt ein av Noregs fremste countrymusikarar. Som tenåring vart han spådd ei lysande gitaristkarriere av eit av verdas største rockemagasin, Kerrang. Og han lever opp til spådommane, men no innan countrymusikk, og ikkje metallsjangeren som han starta med. Nevers sine to kritikarroste album vart begge nominert til Spellemansprisen. I 2009 vart han også invitert av Toby Keith personleg til å varme opp under Europa-turneen. Steff Nevers kan by på countrymusikk med steelgitar, felespel og rungande gitarar. Musikk det verkeleg svingar av. Og det blir garantert glitrande gitarspel når Steff Nevers avsluttar den musikalske festen på hovudscena fredag 12. juli i Breim.

http://www.steffnevers.com/

 
Gasta Design