Sigrid Moldestad m/venner

”Dette er konserten eg har drøymt om i mange år! 

For det er alltid kjekt å spele konsertar. Likevel, for meg og mange av mine medmusikarar er det noko spesielt med festivalkonsertane. Det er nemlig då ein får møtast og utveksle det kjende og ukjende med kvarandre. Spelemannen har alltid nytt godt av andre på sin veg. Det var sånn dei henta ny inspirasjon, nye tonar, nye historier før dei hasta vidare kvar til sitt.. Slik er det framleis. Dei fleste av musikarane i Blågras har eg nemlig møtt før… -ved ei festivalscene, i ein pub, på eit spelemannsstemne, langs ein veg.. Det er med stolthet og stor respekt for kvar og ein eg har invitert dei til Breim, til Bø og lada na Malla og drøymekonserten vi skal lage saman; Blågras. Målet er å vise fram det store musikalske slektstreet frå aust i Sverige, gjennom Norge, over havet til Shetland og endå vidare til countrymusikkens heimland USA. Som ei havbølgje har tonane skvulpa fram og tilbake…fram og tilbake. Ein konsert der vi skal jamme oss saman eit par dagar i forvegen, by på det vi har.

Så velkomen til ein musikalsk korgfest;  møter med røter, musikarar og speleglede, mellom publikum og artistar, mellom historier vi kjenner frå før og historier vi føler det er noko kjent med… Velkomen til Blågras 2013!

 

Ryan Drickey  (USA). Ein av dei beste felespelarane i amerikansk bluegrass/oldtime musikk i USA i dag. Han vann ”Rockygrass fiddle competition” i 2007. Ryan har i tillegg til sine amerikanske feletradisjonar også studert nordisk, og då særlig svensk felespel med lærarar som Ellika Frisell, Björn Ståbi og Mats Eden.  Haner også ein mykje nytta kurshaldar sjølv og har reist kryss og tvers i USA, Europa, Canada og Australia for å undervise. Idag spelar han mest bluegrass/americana/honkeytonk i band som Finnders og Youngberg i tillegg til Cahalen Morriosn og Eli West. Ryan Drickey bur i New York.

 

Cahalen Morrison  (USA) . Vaks opp i New Mexico og bur i Seattle. Han er ein ”singer/songwriter” og multi-instrumentalist. Har turnert fulltid dei siste 5 åra, både solo, saman med Eli West og i mange andre prosjekt. Han har gjeve ut 2 soloplater og 2 plater i duoen med Eli West. I tillegg er ei ny plate på gang i old-school country-stilen som pregar både Cahalen sin måte å synge og spele på. Han spelar m.a ”clawfinger-banjo”, ei særmerkt måte å spele banjo på som ein finn i gamal amerikansk musikk.

 

Eli West (USA) er også busett i Seattle. Multi-instrumentalist med fleire typar strengeinstrument. Han har ein særmerkt stil. Og ord som ”kantete frasering” og ”utradisjonell inprovisajonstil”  innanfor old-time og bluegrass-genren blir brukt når folk skal beskrive stilen hans. Han har gjeve ut to plater saman med Cahalen Morrison og samerbeider stadig med andre folk i ymse prosjekt.

Både Eli, Cahalen og Ryan syng i tillegg til å spele.

 

Sofie Livebrant (Sverige) er ein artist, musiker og komponist frå Stockholm. Ho erinspirert avbåde den svenske og den amerikanske folkemusikken og er djupt forankra i svensk og amerikansk poesi. Har tonesett diktarar som Dan Anderson, Karin Boye, Sylvia Plath, Emily Dickinson og mange fleir. “Humor och allvar, upptakt och nedtonat, bitig blues och på-kornet-poesi – allt verkar få plats i Sofie’s Americana Poetica-land.” Sofie Livebrant har også vore med I svenske samarbeidsprosjekt som “Jul I Folkton” og med visesongaren Sofia Karlsson.

 

Olle Linder ( Sverige) er svensk mulitinstrumentalist med ein fot i mange musikalske leirar. Han har spelt med alt frå  Bebó Valdes, Ale Möller og Robyn. Ei sterk dragning mot dei sør-amerikanske rytmane har ført han til Brasil, Argentina og Uruguay for å studere.  Han spelar trommer, bass, mandola m.m og er for nordiske folkemusikk-kjennarar jamt å sjå i prosjekt som “Jul i Folkton”,  trioen ODE eller med den brasilianske songarinna Simone Moreno.

 

Anders Hall  ( Sverige) er for mange kjend som fast felespelar i Sigrid Moldestad band. Han er frå Hälsingland i Sverige og har mellom anna studert folkemusikk på Ole Bull Akademiet på Voss. Han har etablert seg som ein svært ettertrakta musiker i ymse band og konstellasjonar i Norden. Spelar i folkhall-gruppa “SnakkaSan og Sver”, trioen Nordic Fiddlers Bloc og det nye bandet Firil.

 

Catriona MacDonald (Shetland/Scottland) er ei av dei største folkemusikk-stjernene frå Shetland. Ho byrja tidlig å spele fele og gjekk mellom anna i lære hos den legendariske felespelaren Tom Anderson. Har spelt på ei rekkje plater, inkludert soloplater, og med grupper som Blazin Fiddles, StringSisters og no nylig ei plate med gruppa Vamm.  Catriona MacDonald er erklært norgesven og har samarbeidd tett med Annbjørg Lien gjennom fleire år. Det siste året har ho vore busett i Bø i Telemark.

 

Sigbjørn Apeland ( Norge) organist, ihuga harmoniumsamlar og musiker. Spelar fast i Sigrid Moldestad band og har Norges einaste doktograd i etnomusikologi.  Er kjend for å musisere i grenseland mellom folkemusikk, kirkemusikk og improvisatorisk musikk. Har fordjupa seg i frijazz med den legendariske britiske trommeslageren John Stevens og deltatt på ei rekkje plater bl.a. med Nils Økland, Sigrid Moldestad,  Åsne Valland Nordli, Berit Opheim Versto og Agnes Buen Garnås, jazzmusikere som Øyvind Skarbø, BJ-Cole,  Per Jørgensen og Bjørn Kjellemyr, elektronikainnovatørene Alog og støyduoen Golden Serenades.

Sigbjørn kom med si eiga soloplate ”Glossolalia” i 2010.

Ide, konsept og musikalsk vertinne:

 

Sigrid Moldestad

Ein av dei mest markante folkemusikkartistane her tillands. Med 3 soloplater i ryggen turnerar ho jamt i både trio og bandformat, i inn og utland. Ho har teke utgangspunkt i tradisjonsmusikken frå Nordfjord og Breim og skapt sitt eige lydbilete og verd utav det. Spelar både hardingfele, fele og syng. Skriv eigne låtar og songar i tillegg til at ho har nytta dikt av Jakob Sande, Robert Burns og Tove Ditlevsen i sin musikk. Kåra til ”Årets Folkemusikar” i 2010.  Har motteke 2 Spellemannsprisar og ei rekkje andre prisar for sitt virke. I tillegg til eiga soloverksemd har ho jobba i grupper som Spindel,  Karl Seglem Band, trioen Gamaltnymalt, Gabriel Fliflet, Christiansand Ensemble m.mSigrid Moldestad har vakse opp i grenda Bø, der konserten ”Blågras” skal haldast. Hennar fyrste læremeister var spelemannen Peder Råd. Det er på garden hans at hovudarenaen til Norsk Countrytreff foregår.

Gasta Design