Rita Eriksen

Rita Eriksen har ei artistkarriere på over 20 år bak seg. Og ho kunne i fjor krone den med tittelen som Noregs ultimate entertainer etter NRK-programmet ”Stjernekamp”. Eriksen beherskar ei rekkje sjangrar, som roots, folkemusikk og visesong. Rita Eriksen si stemme er ettertrakta av andre musikarar, og ho har mellom anna samarbeidd med Hellbillies, Vamp, Bjørn Eidsvåg og Reidar Larsen. Mange vil kjenne igjen stemma frå Vamp sin hit ”Ti n’a Noir”. Under festivalen i Breim kan publikum vente seg ein stemningsfull og variert konsert frå landets beste underhaldar!

http://www.ritaeriksen.no/

Gasta Design