Onkel Tuka

Grasstowne_Picture-438x290.jpg

Kritikarroste Onkel Tuka tek igjen turen til Breim! I fjor leverte dei strålande musikalske oppvisningar under kyrkjekonserten og på Kolbeins Saloon. For tida arbeider dei med ei barneplate, og er difor sjølvskrivne til å opptre under Barnas Countrytreff! Bluegrassbandet frå Halden stakk mellom anna av med prisen for beste countryband med albumet ”Hvit honning. Albumet var det siste i ein triologi, der andre albumet ”Hotell Hellmann” hausta femmarar på terningkasta til mellom anna Aftenposten, Dagbladet og Dagsavisen. Albumet var også på Dagbladet si topp ti liste over album i 2008.

Dei har nyleg gjeve ut ei plate som hyller Woody Guthrie. Her kjem kjærleiken bandet har for americana tydeleg fram. Sjølv skildrar dei musikken sin som Haldenrock – ei blanding av rock, gospel, country og bluegrass. Dei leverer folkeleg musikk og syner stor speleglede med sine norske tekstar. Onkel Tuka spelar opp på Barnas Countrytreff, Bluegrasskonserten og under kyrkjekonserten.

http://www.onkeltuka.no/

 
Gasta Design